Krog klar for sesongdebut
Magnus Krog fekk dei svara han ville i hoppbakken. No gler han seg til å delta i verdscupen att.
32-åringen frå Høydalsmo er blant dei åtte kombinertutøvarane skiforbundet har tatt ut til helgas renn i Val di Fiemme.
– Det blir bra med renn igjen. Eg gler meg til sesongdebut etter å ha fylgd dei første renna framom TV-en. Forma er eg selvfølgeleg spent på, men eg har fått god matching på treningane. Nivået er det ikkje noko å seie på. Det har rett og slett vore imponerande å følge lagkameratane i sesongstarten, og eg veit kva som skal til for å kjempe i toppen, seier Krog til skiforbundets heimeside.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fram til nyttår leiar Noreg nasjonscupen suverent. Det er dobbelt norsk i toppen. Jarl Magnus Riiber leiar verdscupen framfor Jørgen Graabak, medan Jens Lurås Oftebro og Espen Bjørnstad ligg på fjerde- og femteplass.
Det er individuelt renn fredag og laurdag i Val di Fiemme, og teamsprint sundag.