Revansjelysten: Lars Halvor Røisgaard (t.h.) frå Vinje håpar på revansje mot Ungarn i semifinalen fredag, som dei tapa mot på straffekonk i finalen av helse-OL i 2022.
Privat
Lars Halvor har spela åtte kampar på fire dagar – i den niande håpar han på revansje
I 2022 tapa Noregs medisinske landslag, med vinbyggen Lars Halvor Røisgaard på laget, straffesparkkonkurransen i finalen av helse-OL mot Ungarn. Fredag møtest dei to laga i semifinalen av same tevling.
Torsdag ettermiddag slo dei Italia 1-0 i kvartfinalen, i St Tropez på den franske rivieraen.
– Dei var veldig typisk italienske. Mykje filming og klaging. Etter me skåra tok det vel 14 minuttar før me var i gang att. Men me rodde det i land til slutt, fortel Røisgaard, som håpar på revansje mot Ungarn fredag.
Dermed held den særs solide trenden med å vinne utan å sleppe inn mål. Frå før har dei slått Usbekistan 3-0 og Mexico 2-0 i 11-tevlinga. I tillegg har det norske laget også stilt 7-ar lag, som også spela kvartfinale torsdag, mot Usbekistan.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP