GOD TID: Mats Berge imponerte stort i Oslo-gatene då han seinka bestenoteringa på halvmaraton med heile sju minutt.

Mads med kjempetid på Oslo maraton

Mads Berge har hatt ein kometkarriere etter at han konverterte frå fotball og fekk interesse for løp. I Oslo maraton sprang han halvmaraton på sterke 1,11,04.

Publisert

Det er ei oppsiktsvekkande tid av ein som er fersk i løpsmiljøet. Mads som bur i Høydalsmo og jobbar som fysioterapeut på Dalen, hadde grunn til å smile då den gode tida på halvmaraton i Oslo maraton var eit faktum laurdag.

Berge hadde håp om at det skulle vere mogleg å gjere noko med bestenoteringa på 1,18 då han varma opp og gjorde seg klar til start. Men han trudde ikkje at det skulle vere mogleg å seinke «persen» med over sju minuttar sjølv om det har fungert bra på trening den siste tida. Mads har både auka treningsmengdene og hatt meir fokus på kvaliteten i treningsarbeidet.

– Eg merka tidleg i løpet at eg hadde ein bra dag, og at det kunne bli ei god tid dersom eg heldt heilt inn, seier Berge, som opna friskt og stod distansen betre enn dei aller fleste. 33-åringen forstod halvvegs at det kom til å bli ein solid «pers» dersom han ikkje gjekk på nokon smell på den siste mila. Det gjorde ikkje Mads, som har gjort ein solid treningsjobb gjennom koronaperioden.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS