Rekruttar: Dyre Vaa sine rekruttar som deltok på sitt fyrste renn. F.v. Yaromyr Loktionov, Erland Haugen, Skage Ohren Skinnarland, Vebjørn Øygarden Ofte, Eira Svenning Holtberget og Lotta Löschke.

Mange deltakarar på romjolsrenn på Rauland

Rennet var i utgangspunktet tenkt som ei enkel gjennomkøyring for rekruttane i IL Dyre Vaa, men heile 37 skiskyttarar frå fleire fylke deltok på romjolsrennet på Rauland 4. joledag.

IL Dyre Vaa si skiskyttargruppe var på veg ned i ein bylgjedal då mange av dei erfarne skiskyttarane slutta. Då tok trenar Per Morten Wienenga grep og inviterte representantar frå Noregs skiskyttarforbund til Rauland for å organisere laserskyting med hinderløype for 4.-5.-klassingane før haustferien. Etter dette vart elleve unge deltakarar bitne av basillen, så no er det full fart på standplass igjen.

Eldsjel: Per Morten Wienenga har tromla og harva så det gjekk an å gjennomføre romjolsrenn med den vesle snøen som var.

Per Morten sine eigne barn gav seg med skiskyting for nokre år sidan, men han har likevel halde hjula i gang i idrettslaget, og gjort sitt for å halde aktiviteten oppe. Han har tromla og harva så det gjekk an å gjennomføre rennet med den vesle snøen som var, og inviterte til eit lågterskelrenn der alle deltakarane sine foreldre var arrangementskomité.

Artikkelen held fram under annonsen.

På standplass: Eira Svenning Holtberget på veg til fyrste skyting.

Rennet var eigentleg tenkt som ei gjennomføring for rekruttane, men ryktet spreidde seg blant hyttefolk og andre som trena på standplass, og 37 løparar, både nybyrjarar og satsande juniorar deltok på rennet.

Romjolsrenn: Lotta (t.v.) og Mia Grete Löschke kom frå Tyskland i haust og byrja straks på skiskyting. Lotta deltok på romjolsrennet.

Tidlegare var løparane i skiskyttargruppa til Dyre Vaa frå Edland og Rauland, men i dag har gruppa fått eit meir internasjonalt preg. Lotta og Mia Grete Löschke, som kom frå Tyskland i august, starta på skiskyttarskulen i haust. Det sama gjorde Kyrylo Labunets og Yaromyr Loktionov frå Ukraina. Yaromyr har dessutan skiskyttarblod i årene, då både farmora og farfaren var aktive skiskyttarar på 1980-talet i Kharkov, som den gong var ein del av Sovjetunionen.

Rennet vart ein suksess, og vart beskrive som eit «skikkeleg koseleg arrangement». Både rennet og rekrutteringa er gode døme på kva eldsjeler kan få til.

I posisjon: Yaromyr Loktionov i gang med skytinga.