Mange med på friidrett
Over 50 personar frå skulealder og oppover deltok på friidrettsstemne i Kviteseid laurdag. Og gjett om dei unge kosa seg.
To gonger i året arrangerer Kviteseid IL friidrettsstemne på baneanlegget ved Kviteseidhallen. I junistemnet møtte heile 74 unge og meir eldre vesttelar. Laurdag var det over 50 deltakarar frå dei næraste bygdene, og mange høyrer heime i Kviteseid.
– Eg føler interessa for friidrett tek seg opp i Vest-Telemark, men der er ein total mangel på trenarar, seier Kåre Hafskjold, stemneleiar og leiar i friidrettsgruppa i Kviteseid.
Artikkelen held fram under annonsen.
I regionen kan ein heller ikkje skryte på seg å ha mange anlegg for friidrett, men slik er det bare.
Premiar til alle
På stemnet kunne deltakarane i rekruttklassa opp til ni år bli med på 40 meter, hoppe lengde og kaste med liten ball. Andre klasser frå ti år og til og med veteran hadde 60 meter, lengde, kule og 800 meter på programmet. I tillegg var det 3 000 meter frå tolvåringane og oppover. Alle fekk premiar, og det blei gjeve medaljar i øvingane om deltakarane var minst ti år.
For fyrste gong var kviteseidingen Jon Lindheim (6) med på lengdehopp. Etter tre forsøk var domen klar.
– Dette var moro, og eg er fornøgd med hoppinga. Eg skal gjere andre ting også i dag, seier ungguten, klar for å vere med å kaste ball.
Ei som alt er midt i denne øvinga er Ingrid Stigen Byggland (9) frå Høydalsmo. To gonger tidlegare har ho delteke på stemnet i Kviteseid.
– Eg likar å kaste ball, og eg er her i dag fordi det er moro å vere med på friidrett. Eg kjem nok att, seier ungjenta.