Lovande: Gunhild Kvålseth gler seg til å endeleg kunne konkurrere i noregscupen att.
Privat
Nå gler Gunhild (19) seg til ein normal langrennssesong
Gunhild Kvålseth (19) går inn i sin siste sesong som junior, men ho aner ikkje kva nivå ho er på samanlikna med dei andre i klassa.
Når 19-åringen frå Ordal i januar igjen står på startstreken i eit noregscuprenn har det gått nesten to år sidan sist. I sesongen 2019/2020 blei ho nummer 44 samanlagt i 18-årsklassa. Sidan har det vore lite konkurransar. Sist noregscupsesong blei avlyst på grunn av koronapandemien, men nå er Gunhild Kvålseth rimeleg trygg på ein normal langrennssesong.
– Det har vore tøft å ikkje gå renn. Spesielt for hovudet. I starten var haldninga at dette skal me klare, men etter kvart blei det tyngre, seier 19-åringen, som heldigvis finn stor glede i å bevege seg og trene.
Men ho er usikker på kvar ho står samanlikna med dei andre i K19/20-klassa.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP