Siger: Vinjetrenar Bård Øien var ikkje nøgd med det laget hans presterte i fyrsteomgang, men fekk i andre omgang svar på tiltale.

Noko ferierustne, men snudde til siger. – Det ser litt skummelt ut

Vinje sikra seg tre poengs luke ned til andreplassen i sjettedivisjon torsdag kveld, då dei snudde 0-2 til 3-2 etter ein sterk andreomgang heime mot Drangedal.

Publisert Sist oppdatert

Fyrste omgang var prega av stillingskrig, men det var drangedølane som fekk hol på byllen, og tok leiinga. Den dobla dei kort tid etterpå. Begge lag var farleg frampå før kvilen, Ole Gunnar Lie skaut i stolpen for Vinje, før heimelaget slapp med skrekken då ein drangedalspelar runda keeper og hadde opent mål, men avslutninga gjekk i nettveggen.

– Ein såg det var lenge sidan me hadde spela fotball i fyrste omgang. Berøringane sat ikkje, og eg sa i pausen at dette ville ikkje gutar 8 vore nøgde med ein gong, refererer vinjetrenar Bård Øien til VTB etter kampen.

Han fekk svar på tiltale i andre omgang. Fyrst reduserte Ole Gunnar Lie med dagens finaste mål, då han vende opp og banka ballen i nettet på volley. Kring ti minuttar seinare utlikna Vinje, då Lars Ola Romtveit var kald aleine med keeper og sette ballen roleg nede i hjørnet. Etter snaue 75 minuttars spel fullbyrda Martin Lenke Omholt snuoperasjonen, då han etter eit langt kast fekk lirka ballen vekk frå drangedalsmålvakta og trilla ballen inn i det opne målet. Fleire mål blei det ikkje, og Vinje kunne med det innkassere sin femte heimesiger for sesongen, av seks moglege.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS