Ny personleg rekord og pallplass for Herman
Herman Hogstad Sveinsson (18) imponerte i helgas ungdomsmeisterskap i friidrett i Trondheim. Sundag sette han ny personleg rekord på 200 meter og får med seg bronsemedalje heim til Seljord.
Attenåringen frå Seljord sprang i mål på tida 22.33 i sundagens finale. Det er ny personleg rekord.
– Totalt sett er eg fornøgd med løpet. Det var eit veldig sterkt felt eg sprang mot, så det å klare medalje, og pers i tillegg, var stort, seier Hogstad Sveinsson til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg kunne gått endå hardare ut dei fyrste 100 metrane og vore meir aggressiv i svingen, og fått ei endå betre tid, for eg hadde ein del krefter igjen på slutten, og litt etter løpet. Så her er det nok ein del å gå på! Tre av åtte løparar i feltet var 18, resten var 19. Dette seier litt, seier attenåringen frå Seljord.
Hermann var ikkje den einaste seljordingen som deltok på ungdomsmeisterskapet i Trondheim. Hogstad Sveinsson og Leah Marie Prestholt Lorne deltok på 100- og 200-meter, medan Kristian Eilefstjønn Berntzen deltok på 800- og 3000-meter.