Gjekk fort: Odin Øyre Åland gjennomførte ein god sprintprolog i Hovudlandsrennet.

Odin (15) vart kvitt koronaen og fekk deltatt i Hovudlandsrennet

Odin Øyre Åland hadde ingen god inngang til det første hovudlandsrennet sitt. Åmot-guten fekk for tre veker sidan påvist korona. Det har påverka både treninga og førebuingane til det store målet i vinter.

Publisert Sist oppdatert

– Eg må innrømma at eg var usikker på forma då eg reiste til Oslo torsdag. Det var trass alt ei god stund sidan eg hadde konkurrert. Treningsplanane måtte endrast, og eg fekk ikkje gjort det eg hadde planlagt på treningsfronten. Men eg vart frisk tidsnok til å vere med. Det var trass alt det viktigaste, sa Odin som var åleine om å forsvare Vest-Telemarks fargar i det uoffisielle noregsmeisterskapet. Det er spesielt med tanke på at skisporten står sterkt.

– Det er faktisk ingen andre enn meg frå vestfylket som er med på krinsrenn og andre renn. Det er òg labar aktivitet i Vinje. Eg trenar stort sett på eiga hand. Forhåpentlegvis så får eg eit større og betre treningsmiljø når eg til hausten byrjar på skigymnas. Eg har søkt meg til Hovden, og startar der dersom eg får skuleplass. Det skal bli fint med eit miljøskifte, seier Odin.

Må flytte på hybel

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS