Fin utvikling: Odin Øyre Åland har hatt ei fin utvikling etter at han begynte på Hovden. Junior-NM i Alta er vinterens store mål.
Svein Halvor Moe
Odin (16) sikra seg sine aller første noregscuppoeng
Odin Øyre Åland frå Vinje sikra på fredag seg sitt første noregscuppoeng i langrenn. To døgn seinare blei det fleire poeng på den same kontoen, som blei opna på Voss. Odin håper at den første topp 30-plasseringa kjem i junior-NM i Alta.
– Eg føler at eg har litt å gå på, og at det kan vere mogleg å gå seg inn i det sjiktet. Det var ikkje mange sekund opp til 30.-plass i dag då eg blei nummer 42. Det trass i at eg nok ikkje er i min aller beste form. Forhåpentlegvis så klarer eg å prikke inn toppforma til junior-NM i Alta. Det blir ei veke på Hovden nå, og så ventar vinterferie i Vinje før eg reiser nordover, seier Odin.
16-åringen som i august flytta til Hovden for å kombinere vidare utdanning og skisatsing har sett seg høge mål. Den langsiktige målsetninga er å bli ein av dei beste. Den unge juniorløparen er innstilt på å jobbe hardt for å klare det. Odin meiner det var eit rett val å sende flyttelasset til Setesdal, då han var ferdig på ungdomsskolen. For han er full av lovord om miljøet i Agder.
Betre treningskvardag
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP