STØ PÅ AVTREKKAREN: Olav Brennemo Eriksen skaut seg fram til to finalar i Landsskyttarstemnet.
Odd Rune Wang
Olav (17) skaut seg til to finalar. Nå vil han spisse satsinga
Olav Brennemo Eriksen har gått to år på vidaregåande og har skote lite det siste året. 17-åringen markerte seg likevel i Landsskyttarstemnet.
Seljordingen som skyt for Kviteseid, gjorde det så bra at han fekk skyte finalar både på felt og bane i den eldste juniorklassen. Den lovande skyttaren var verken kjempenøgd eller misnøgd med det han presterte på dei ulike arenaene på LS-arenaene i Steinkjer. Olav som fyller 18 år dette kalenderåret, konkluderte med at skytinga var «heilt grei».
– Eg føler ikkje at eg var i nærleiken av toppnivået mitt. Denne gongen fekk eg ikkje tatt ut potensialet. Det hadde eg for så vidt ikkje forventa heller. For det har blitt lite trening og få stemne det siste året. Eg har fått erfare at det ikkje er så enkelt å kombinere skulegang i Setesdal med skyting. Men eg er ferdig i Bykle no. Det ligg an til å bli mykje meir skyting framover, seier Olav.
Motivert for å fortsette
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP