Mari Almquist Roheim, Åsne Gunvaldjord, Tuva Lie Ståland og Tiril Lie Ståland. Framme frå venstre: Hedda Lie Ståland, Maren Jordbakke Sigstad, Ann Cathrin Øygarden og Silje Øygarden Torp. (Privat foto)
Mari Almquist Roheim, Åsne Gunvaldjord, Tuva Lie Ståland og Tiril Lie Ståland. Framme frå venstre: Hedda Lie Ståland, Maren Jordbakke Sigstad, Ann Cathrin Øygarden og Silje Øygarden Torp. (Privat foto)

På handballturnering for fyrste gong

Dei hadde aldri spela kamp før. I helga reiste jentene på handball-laget frå Seljord til Gjerpenshallen for å delta i turnering.

– Seljord jenter 9 har trena saman heile denne sesongen, men dei har aldri spela kamp. Ikkje før i helga, fortel trenar for laget, Unni Elisabeth Øygarden.

Sundag 6. mars reiste åtte av dei ti spelarane på laget på si fyrste turnering. Jentene spela tre kampar på minibanar, med fire spelarar på kvart lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På minibanane kan målvakta vere med opp i angrep, slik at angrepssituasjonen blir fire mot tre, fortel trenar Øygarden.

Kvar kamp varar i 15 min. I den fyrste kampen møtte Seljord-jentene Stridsklev 2. Seljordingane leia gjennom heile kampen, men han enda til slutt 5-5. Det var Mari Almquist Roheim (3) og Tuva Lie Ståland (2) som skåra måla for Seljord.

Bra forsvar

I den andre kampen var Klyve 3 motstandar. 

– Klyve var ganske gode, men jentene frå Seljord kjempa bra imot og stod veldig bra i forsvar. Likevel enda det med tap 3-7. Mari Alquist Roheim (2) og Tuva Lie Ståland (1) skåra, fortel Øygarden.

I den tredje kampen tapa Seljord 5-9 mot Gjerpen 2.

Trenaren fortel at jentene spela bra og at det var fleire som teikna seg på skåringslista. Ann Cathrin Øygarden, Mari Almquist Roheim og Åsne Gunvaldjord skåra eitt mål kvar, medan Tiril Lie Ståland sette ballen i nettet to gonger i denne kampen.

Trenarane for jentelaget, Ingvill Lie Ståland og Unni E. Øygarden, er godt fornøgd med helgas kampar.

– Me hadde det kjempemoro på turnering og gledar oss til neste gong, seier trenarduoen.