Petter (16) fornøgd etter juniordebuten. – Fekk dei svara eg håpa på
Det vart gode plasseringar på Petter Lindskog i alle dei tre renna i Molde. 16-åringen frå Edland ser moglegheiter for å klatre på resultatlistene neste noregscuphelg.
– Eg fekk i helga dei svara eg håpa på. Det gjekk kanskje betre enn forventa med tanke på at det har gått litt tungt på trening i det siste. Det gjorde at eg var spent på kva som var mogleg å få til i Molde-terrenget. Eg kjennar at eg formmessig har litt å gå på. Difor kan det utover vinteren vere mogleg å kjempe om betre plasseringar dersom eg held meg sjukdomsfri og får gjort den treningsjobben eg har planlagt, seier Petter.
Det vart ein lang og slitsam heimtur for han og dei andre skigymnasiastane på Hovden. Klokka hadde passert to på natta då Petter var attende på hybelen. Det vart lettare å ta fatt på heimturen sidan det gjekk så bra som det gjorde. Den eldste av Lindskog-brørne har eit ønske om å kvalifisere seg til noregscupfinalen på heimebane i slutten av mars.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rettar blikket mot Gjøvik
Han er alt godt på veg til å klare det. Med ei tilsvarande helg dei neste vekene, vil finaleplassen vere sikra. Petter fortel til Vest-Telemark blad at det er om lag ein månad til dei neste noregscuppoenga vert delte ut. På Gjøvik har han lyst på ein topp 20-plassering, sjølv om nålauget er trongt.
Det var ikkje så mange sekund opp til det då han vart nummer 32 i distanserennet i skøyting i Molde. Plasseringsmessig gjekk det eit hakk betre på sprinten dagen etter og i distanserennet i klassisk på sundag. Begge dagane vart det 31. plass. Lindskog har vore betydeleg betre i skøytesprint enn i god, gammaldags diagonalgang.
Har blitt raskare og sterkare
– Kva er du mest fornøgd med etter di første noregscuphelg, Petter?
– Det må vere at eg går så bra som eg gjer på sundagens tikilometer. Det var nok mitt beste klassiskrenn nokosinne. Eg kjennar at eg gjekk bra teknisk og disponerte kreftene godt. Det førte til gledeleg sekunderingar gjennom heile løpet, seier IL Rein-løparen til VTB.
Det har blitt terpa mykje teknikk etter at han i august tok turen over Haukeli og fjellet og flytta til Hovden. Det får den målretta vesttelen no utteljing for. Skigymnasiasten går no meir rasjonelt og fortare enn nokon gong. Det er mykje som tyder på at Lindskog ikkje hadde vore der han er i dag utan den hjelpa han har fått av dei dyktige trenarane øvst i Setesdal.
Skal spisse forma ytterlegare
Petter Lindskog håpar det skal vere mogleg å gå endå fortare neste gong dei rundt 150 beste 2008-modellane i landet møtest til dyst. Det er grunn til å tru at det blir fleire konkurrentar når det er norgescuprenn i det sentrale Austlands-området. Petter ser ikkje mørkt på det sidan han likar konkurranse. Det er ikkje så mange på hans alderstrinn som driv med langrenn i Telemark. Difor er det ekstra kjekt å gå noregscup.
– Det har for min del vore ein litt amputert sesong så langt. Eg fekk berre gå eitt renn før noregscupdebuten. Det kan bli både renn på Korlevoll og krinsmeisterskap seinare i månaden. Hovudfokuset vil likevel vere å gjere ein god treningsjobb slik at eg er optimalt førebudd til norgescuprenna på Gjøvik i februar. Eg har alt begynt å glede meg til den helga, seier Petter, som har fått ein god start på juniorkarrieren.