Gjekk fort: Petter Lindskog imponerte då han debuterte i noregscupen i langrenn. 16-åringen frå Edland er spent på fortsetjinga.
Arne Brunes
Petter (16) fornøgd etter juniordebuten. – Fekk dei svara eg håpa på
Det vart gode plasseringar på Petter Lindskog i alle dei tre renna i Molde. 16-åringen frå Edland ser moglegheiter for å klatre på resultatlistene neste noregscuphelg.
– Eg fekk i helga dei svara eg håpa på. Det gjekk kanskje betre enn forventa med tanke på at det har gått litt tungt på trening i det siste. Det gjorde at eg var spent på kva som var mogleg å få til i Molde-terrenget. Eg kjennar at eg formmessig har litt å gå på. Difor kan det utover vinteren vere mogleg å kjempe om betre plasseringar dersom eg held meg sjukdomsfri og får gjort den treningsjobben eg har planlagt, seier Petter.
Det vart ein lang og slitsam heimtur for han og dei andre skigymnasiastane på Hovden. Klokka hadde passert to på natta då Petter var attende på hybelen. Det vart lettare å ta fatt på heimturen sidan det gjekk så bra som det gjorde. Den eldste av Lindskog-brørne har eit ønske om å kvalifisere seg til noregscupfinalen på heimebane i slutten av mars.
Rettar blikket mot Gjøvik
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP