Gjekk fort: Petter Lindskog gjekk fort begge dagane i Ungdommens Holmenkollrenn. Det var ikkje langt opp til dei beste.
Svein Halvor Moe
Petter med gode løp i Holmenkollen i helga
Petter Lindskog var sjuk og måtte melde avbod til Kvalfoss-sprinten for godt og vel ei veke sidan. Torsdag var han tilbake i treningsmodus. Laurdag og sundag gjekk Edland-guten inn til gode plasseringar i Ungdommens Holmenkollrenn.
– Eg hadde før eg vart sjuk håp om at det skulle vera mogleg å kjempa om topp 30-plasseringar. Men må innrømme at eg var litt usikker på forma då eg reiste innover til Oslo. Forma var heldigvis ganske bra sjølv om eg knapt har rørt meg den siste veka, sa Lindskog etter at han hadde gjort unna sine to første og siste renn i det største skirennet for 13- og 14-åringar.
Petter hadde tenkt å debutere i Ungdommens Holmenkollrenn i fjor. Koronaen sette ein stoppar for det. Massemønstringa i hovudstaden vart avlyst. Han vart heldigvis ikkje det i år. Omgangssjuken som ramma åttandeklassingen, klarte heller ikkje spolere deltakinga i det som var det store målet i vinter på langrennsfronten. I skiskyting blir det Liatopp-sprinten som blir høgdepunktet no som Kvalfoss-sprinten gjekk fløyten.
Ikkje langt bak dei beste
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP