Regnet stoppa ikkje tøffingane
Kviteseidingen Mona Riis (48) vann kvinneklassa i maraton i Telemarks tøffaste. Reidun Lauvdal (60) frå Treungen imponerte også. Tom Erik Halvorsen frå Sandnes blei best av dei 46 som fullførte 82 kilometer til fjells.
I fjor deltok 108 personar då Treungen IL arrangerte Telemarks tøffaste for fyrste gong. Konkurransen er i to delar, maraton (42 km) og ultraløp 82 km i terreng heilt opp på dei høgste fjella på båe sider av bygda.
Heile 141 personar var påmeldt til laurdagens kraftprøve, og av dei var bare 35 med i fjor. At talet ikkje var høgare forklara løpsleiar Helge Reinholt med at mange nyleg hadde delteke i andre lange løp.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er veldig interessant at det er så mange nye løparar i år. Potensialet er stort, seier travle Reinholt, med bare to timars søvn siste natt før arrangementstart.
Siger å gjennomføre
Ei ikkje alt for lovande vêrmelding må nok ta mykje av skulda for at ikkje alle påmelde stilte. Men du verda, 120 kvinner og menn frå 10 nasjonar på startstreken er ikkje å kimse av. Blant dei laurdag morgon like før start klokka 08.00 er fire Treungen-kvinner.
– Me veit heldigvis ikkje kva me går til, seier Tori Fretland Tveit.
– Nei, smiler Oddrun Rekvik.
Like ved står Reidun Lauvdal.
– Var du med i fjor?
– Å langt ifrå. Eg var ikkje gamal nok, humrar 60-åringen.
– Det blir sikkert tøft, men eg har lyst til å prøve. Eg er mest spent på diabetesen min, og så har eg MS også. Då blir det ein siger om eg klarer å gjennomføre maratonen, seier Lauvdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sønene hennar, Rune og Tor Eivind Lauvdal skal også delta.
– Me skal passe på mamma. Eg trur det blir ein fin tur og spen- nande, men det er litt bratt i starten opp Tveitbakkane, seier Tor Eivind.
– Du kan køyre med meg?
– He, he, svarar ein med sykling som grunntrening før det tøffe løpet.
Liv Lia (62) deltok i fjor også.
– Etterpå var eg veldig sliten, så eg visste ikkje om eg skulle stille ein gong til. Men det er noko som dreg meg, og eg får ein giv når eg ser publikum rundt omkring i løypa, seier Lia.
Visste ikkje ho vann
I maratonklassa fullførte 54 personar, derav 15 kvinner. Kviteseidingen Mona Riis deltok også i år, og kom i mål på den sterke tida 6.03.38, halvtimen betre enn i fjor. Noko ho ikkje visste etter å ha kome over målstreken var at ho blei ein vinnar.
– Eg trenar oppi skogane heime, så eg visste ikkje forma då eg skulle konkurrere her. Under løpet sa ei dame til meg at eg leia, men eg trudde det bare var tull. Eg var ikkje klar over at eg hadde vunne før speakeren sa det til meg. Då byrja eg å grine. Så glad blei eg. Dette er noko av det mest moro eg har vore med på i idretten, seier Riis.
Artikkelen held fram under annonsen.
To gonger under maratonen hadde ho tankar om å bryte.
– Fader, der forsvann skoen nedi ei vår myr att, men han kom som regel opp att. Av og til var eg heilt gåen, men eg er stridig, veit du. Og så putta eg på med energigelé, seier vinnaren.
Etter målgang fekk ho pustenaud og hyperventilerte. Spørsmålet er om ho kjem tilbake til Telemarks tøffaste neste år.
– Dette er eit smertemareritt. Eg sa i fjor eg ikkje skulle med meir. Ein skal aldri seie aldri …, seier Riis om det blir ein maraton nummer tre på det som nok var arrangementets mest glade person laurdag.
Riis slo sølvvinnar Sølvi Hjelmeland Stensli frå Romerike ultraløperklubb med over 14 minuttar. I herreklassa vann Joel Pedro frå Australia med tida 4.17.16. Even Holskar frå Treungen bruka 5.52.19 på distansen.
Knallsterk tid
Blant 62 deltakarar som tok fatt på 82-kilometeren, var det 4 kvinner og alle fullførte. Best blei Maria Nordfjell frå Tromsø med tida 10.35.22, over halvtimen betre enn fjorårsvinnaren Kristine Tørre Asprusten frå Kviteseid.
Blant dei 42 mennene som klarte å fullføre, stakk Tom Erik Halvorsen frå Sandnes av med sigeren. Han blei klokka inn på tida 8.16.05, nesten 40 minuttar betre enn fjorårsvinnaren Terje Sandness frå Finnmark som ikkje deltok i år.
I mål fortalde Halvorsen om oppog nedturar på dei 82 kilometrane. Ved eitt høve fekk han ein skade, men det kom seg att.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var ein kjempefin tur i eit utruleg terreng. Regnet gjer lite når du er ute og spring slik. Men det var brutalt opp til Skuggenatten, fortalde han publikum med eit smil.
Nummer to blei Paul Raistrick frå Skottland, litt over ti minuttar bak.
Einaste vesttele som stilte til start i ultraløpet og gjennomførte, var Kolbjørn Birkrem frå Flatdal. Tilbake i terreng 1957-modellen ble kjent med i oppvekståra i Treungen, bruka han 11.07.26 på 82-kilometeren og blei nummer 14.
Eg er mest spent på diabetesen min, og så har eg MS også. Då blir det ein siger om eg klarer å gjennomføre.
Reidun Lauvdal
Telemarks tøffaste
Både maratonog ultraløparane starta på same tid ved idrettsanlegget i Treungen, 247 meter over havet (m.o.h.). Turen går austog oppover åtte kilometer til Nokkebu (693 m.o.h.), så til Hågfjell (802), ned til Røyrodden ved Nisser, Lia og opp til Hjasus (802), vidare til Nokkebu att før det ber ned til mål ved idrettsbanen for maraton, 42 km.
Når ultraløparane kjem til dette området, går ferda vidare opp til Skuggenatten (700 m.o.h.), ned att fjellet på baksida, gjennom Hågstøyllia til Fiskeånabrua (254). Vidare til Heimdal og Øverlandsheia (500), så Tveitåsen (507) og ned til mål ved idrettsbanen. Løpet er til saman på 82 kilometer.