Spurt: Runar Skaug Mathisen (t.v.) sikra årsbeste i dei tjekkiske skogane, då han gjekk inn til ein 16. plass.

Runar avslutta sterkt under vanskelege forhold

Runar Skaug Mathisen leverte sitt beste resultat i 2023, då han spurta inn til ein 16. plass i Jizerska 50 sundag.

Publisert Sist oppdatert

Forholda sundag var langt frå optimale. Etter ei natt og morgon med regn var underlaget tungt og vått då eliteklassa starta den 50-kilometer-lange styrkeprøva i Bedrichov i Nord-Tsjekkia.

Mathisen var nummer 23 både ved fyrste stigning og i sprinten kring midt i løpet, men han manøvrerte seg stadig oppover på resultatlista mot slutten av løpet, og kom inn på oppløpet i den andre gruppa bak Kasper Stadaas, som gjekk inn til siger i einsam majestet.

– Det var 50 kilometer med rein slaps. Ein fekk ikkje stavfeste nokon stad, oppsummerte Mathisen til VTB etter målgang.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS