Spurt: Runar Skaug Mathisen (t.v.) spurta laurdag inn til ein 3.-plass i Birken. Her frå Jizerska 50 tidlegare i sesongen.

Runar på pallen i Birken

Runar Skaug Mathisen tok den andre pallplassen i karrieren då han spurta inn til ein sterk 3.-plass i Birken, helgas renn i Visma Ski Classics.

Publisert Sist oppdatert

Skaug Mathisen kom inn på oppløpet saman med Andreas Nygaard og Johan Hoel frå Team Ragde Charge, og Magnus Vesterheim frå Team Kaffebryggeriet.

– Eg følte meg pigg og var eigentleg godt nøgd med spurten òg, men det blei litt stopp framom meg. Eg prøva å stikke skien mellom beina til Nygaard, men det gjekk ikkje, sa Runar då han vart intervjua under sendinga til NRK etter løpet.

Andreas Nygaard vann knipent framom Johan Hoel, som er oppført med same tid som Runar.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS