Sigrid Fugleneb Aamand har orientering i blodet, og deltok i klassa N-open heile veka. Sunniva Tjønn Jacobsen fekk også prøve seg i løypene.
Sigrid Fugleneb Aamand har orientering i blodet, og deltok i klassa N-open heile veka. Sunniva Tjønn Jacobsen fekk også prøve seg i løypene.

Siste innspurt i orienteringsfesten

I går blei junior-VM og Sørlandsgaloppen i Rauland avslutta. Dermed kan både arrangørar og deltakarar slappe av etter eit vellukka arrangement med over 2400 utøvarar i sving.

Nils Albert Aamand frå Rauland har vore involvert frå start til slutt. Og starten, den var alt for fleire år sidan. Den tidlegare juniorlandslagsløparen blei kontakta av Dag Ausen og Knut Mathisen i Porsgrunn O-lag for nokre år sidan med spørsmål om han kunne tenke seg å bidra til eit eventuelt arrangement på Rauland. Aamand undersøkte om det var mogleg å gjennomføre eit så stort opplegg. Dermed var dei i gang.

Sidan då har det blitt tallause timar med planlegging, tilrettelegging og gjennomføring. 2100 orienteringsløparar deltok i Sørlandsgaloppen denne veka, og over 300 i junior-VM. Med seks løpsdagar og fleire tusen deltakarar i sving nesten kvar dag i ei veke, krev det at logistikken er god.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Berre på arbeid med kart og løyper har me bruka over ni tusen timar, fortel Aamand når me ber han forklare kor stort arrangementet faktisk er.

Orienteringsmiljø i Rauland

Familien til Aamand er nok den mest aktive orienteringsfamilien i Rauland. I løpet av åra dei har budd i fjellbygda, har dei bygd opp eit lite orienteringsmiljø. Etter denne veka kan det nok hende fleire i lokalmiljøet har fått smaken på sporten.

Sørlandsgaloppen er lagt opp slik at alle skal ha eit tilbod, med både «småtrollorientering» for dei minste, og klassa N-open der alle som ville kunne delta i ei løype på 1,2 kilometer.

Mange lokale eldsjeler har stått på for å få arrangementet til å flyte. Nils Albert Aamand var blant initiativtakarane og har vore sentral gjennom heile opplegget.
Mange lokale eldsjeler har stått på for å få arrangementet til å flyte. Nils Albert Aamand var blant initiativtakarane og har vore sentral gjennom heile opplegget.
Amund Østvoll Hylland og Hedda Holte Hylland testa stifinnarferdigheitene sine i småtrollorientering på Rauland denne veka.
Amund Østvoll Hylland og Hedda Holte Hylland testa stifinnarferdigheitene sine i småtrollorientering på Rauland denne veka.

– Foreldra kunne bli med barna rundt for å sjå i løypa, og sprang barna på eiga hand etterpå om dei ville det, forklarar Aamand.

– Så det var ei eiga barneklasse?

– Terje Riis Johansen sprang den på torsdag. Men det var flest barn som deltok der ja, smiler Aamand.

– Den beste meisterskapen

Pressekontakt for arrangementa, Hans Meen, oppsummerer orienteringsveka i Rauland som «eit fantastisk arrangement».

– Sara Hagstrøm, ein av forgrunnsfigurane i meisterskapen med to gull, sa det veldig bra etter gulløpet på langdistanse: Ifylgje ho er dette den beste meisterskapen ho har vore på. Både terreng og løyper har vore veldig bra. I tillegg skrytte ho av stemninga på arenaen alle dagar. Moro å høre for arrangørane, sjølvsagt. Det har vore lagt ned mange dugnadstimar, seier Meen.