Prøveprosjekt: Erik Holtan, Sparebanken Din, er glad for å ha kunne vore med å bidratt til at Arve Myrvang, leiar i fotballgruppa i Seljord, har kunne halde banen open i vinter – utan salt.
Slik har Arve halde banen open i vinter: – Eg trur det er bare Odd og Seljord som brukar det
Arve Myrvang i fotballgruppa i Seljord ser for seg å halde fram med å bruke avisingsprodukt i staden for salt til å halde kunstgrasbanen på Eventyrøy open heile året.
Ein gong i veka gjennom vinteren har Myrvang vore på Eventyrøy med traktoren for å spreie avisingsproduktet Viaform granular på kunstgrasbanen. Erfaringane er gode, sjølv om det kostar meir enn å bruke salt som det har blitt nytta tidlegare.
– Det er ein stor forskjell i eigenskapar. Ordinært salt verkar over ein kortare periode, og dette fungerer også om minusgradene blir mange, seier Myrvang, som seier banen på Eventyrøy har vore open gjennom heile vinteren med unntak av ein periode etter jol.
– Og det trass i at det har vore ein trøblete vinter, legg han til.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP