Utfordrar: Runar Skaug Mathisen håpar å kjempe om sigeren i Vasaloppet til helga. – I utgangspunktet er det tre-fire forholdsvis klare favorittar, og så er det eit titals utøvarar i det eg vil kalle ein utfordrar-gruppe. Der er eg saman med fleire andre, seier bjønnen frå Kostveit.

Slik kan Runar bli den fyrste telemarkingen som vinn Vasaloppet: – Må avgjere før oppløpet, elles må eg ofre meg

Det er ingen telemarkingar som så langt har vunne Vasaloppet. Det er heller ikkje så mange nordmenn som har klart å koma fyrst til Mora i verdas mest prestisjefylte langløp. Runar Skaug Mathisen kan tenke seg å hamne på den celebre oversikta.

Publisert Sist oppdatert

– Eg vil tru at det er rundt 15 løparar i det store startfeltet som har moglegheit for å vinne. Eg er nok ein av dei, seier Runar.

– Dersom det blir ein annan vinnar enn dei eg tenker på, så vil det vere ei stor overrasking. I utgangspunktet er det tre-fire forholdsvis klare favorittar, og så er det eit titals utøvarar i det eg vil kalle ein utfordrar-gruppe. Der er eg saman med fleire andre. Andreas Nygaard, Emil Persson og Kasper Stadaas er nok dei heitaste namna i høve til siger, seier Runar tre døgn før startskottet smell i Sälen.

Vinbyggen opplevde sitt aller største augneblink som langrennsløpar då han vann Marcialonga tidlegare i vinter. Måten det skjedde på, imponerte ei heil skiverd. 30-åringen rykka frå med to mil att, og gjekk solo inn til mål, då han heldt unna for dei jaktande ulvane som kom bak. Dermed var bragda eit faktum.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS