Snart blir det kunstgras på Eventyrøy
I haust byrjar arbeidet med kunstgras- og friidrettsbane på Eventyrøy i Seljord. Prosjektet er kostnadsrekna til 12,9 millionar kroner og skal vera ferdig neste sommar.
Seljord idrettslag har investert om lag ti millionar kroner i skileikanlegget i Raukleiv i løpet av dei siste ti åra. Nå opnar dei lommeboka på ny. Idrettslagsleiar Tellef Solås trur på eit lyft for både fotball og friidrett når det nye anlegget på Eventyrøy er klart neste sommar.
– Sjølv om det er mange aktive unge i heile Vest-Telemark trur me på eit ekstra puff også her. All erfaring viser at det blir vekst når det blir bygd kunstgrasbanar, seier Solås.
Artikkelen held fram under annonsen.
Byggjer opp med tunellstein
For å få Eventyrøy flaumsikkert må anlegget hevast halvannan meter. 1. oktober skal alt vera klart for å fylle på masse. Då må matjorda vera fjerna når Statens vegvesen kjem med stein frå arbeidet med Mælefjelltunellen.
I tillegg til kunstgras som underlag for fotballspelarane, blir det også bygd ny friidrettsbane med tartandekke.
Anleggsarbeidet gjer at fotballsesongen på Eventyrøy i år blir avslutta i september. Solås reknar med at dei siste kampane blir spela i Flatdal, eventuelt på treningsbanen. Dette er også planen for vårsesongen 2016.
– Det nye anlegget skal stå klart til haustsesongen, ventar Solås.
Søker om 4 millionar
Idrettslaget hentar no inn tilbod. Heile prosjektet er kostnadsrekna til 12,9 millionar kroner, inkludert moms dei seinare kan få refundert. Idrettslaget sjølv går inn med 5,4 millionar kroner (lån og eigenkapital), i tillegg til dugnadsinnsatsen. Vegvesenet bidreg med gratis tilkøyrd stein. Idrettslaget har også søkt om 4 millionar kroner i spelemidlar, men fekk nei då midlane for 2015 blei dela ut tidlegare i sommar. Som kjent sa Seljord kommune i fjor haust nei til å løyve ein million kroner til idrettsanlegget.
– Me synest kommunen burde ha vore med, dei brukar også anlegget. Men me har iallfall fått forsikringar om at dei vil leggje til rette for bygging og vil bidra på andre måtar, seier Solås.
– Var det eit alternativ å leige kunstgrasbanen i Kviteseid?
– Nei. Kviteseid har nok med sine eigne lag, det er ikkje alltid det har vore mogleg å leige når me ynskjer. Eg synest det bør vera ein kunstgrasbane i kvar kommune, seier Solås, som drøymer om at kunstgrasbanen kan gjera at A-laget igjen rykkjer oppover i divisjonane slik dei gjorde på slutten av 90-talet. I dag spelar A-laget i 6. divisjon.