Sol, sveitte og mjølkesyre
Kanalrittet lokka mest 900 ivrige syklistar ut på landevegen laurdag i steikande sol.
For trettande gong blei kanalrittet arrangert i helga med ein solid deltakarrekord. I fjor stilte 730 opp til start, medan det i år kom tett opptil 900 deltakarar. Sykkelrittet går langs Telemarkskanalen med start frå både Dalen og Kviteseid, med målgang i Lunde. Frå Dalen er løypa 10 mil lang, medan ein må bruke 55 kilometer på sykkelen frå Kviteseid.
Flott stemning
Vêret var absolutt på arrangørane si side denne dagen med strålande sol og god temeperatur. Varmen var nesten i overkant for hard fysisk utskeiing, men rittleiar Nils Per Hovland såg seg svært nøgd med dagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me fekk god hjelp av dei som styrer vêret og alt gjekk veldig bra. Det var ei auke i deltakarar på 25 prosent i år, så me nærmar oss ei grense for kva me kan ta, seier Hovland.
Det er lag og foreiningar nedover kanalen som støttar opp om gjennomføringa av rittet, og over 100 funksjonærar var i sving på friviljug basis. Også raudekrossen frå Tokke og Nome stiller opp med mannskap for å sikre tryggleiken.
Knall og fall
Eit par av syklistane i løpet var uheldige i rittet. Ein yngre deltakar fekk skrubbe seg litt i møtet med asfalten, og omkring ein kilometer frå Bandaksli fekk ein syklist eit ublidt møte med grøftekanten då ei rask gruppe bakfrå kom til å skubbe han nedpå. Det resulterte i eit brote kragebein.
– Eg besøkte han i går. Han var ved godt mot og ville stille til neste år også. Slike hendingar viser kor viktig det er å ha beredskapen på plass. Me vil jo ha alle i mål, seier Hovland.
Mellom 10–12 syklistar braut løpet, men elles kom alle i mål, informerer rittleiaren.
Optimistar: Hans Olav Omtveit, Gunn Ragnhild Jønholt, Torbjørn Støyle, Stig Morten Kleivstaul, Gunnvor Bråten Berge, Ann Helen Tveiten Øya og Kjersti Jønholt frå Seljord rekneskapsservice hadde sett som mål å fullføre sykkelrittet. Kø: Halvor Nyland frå Kviteseid idrettslag hadde det travelt med å dele ut deltakarnummer laurdag til alle dei som ville starte Kanalrittet frå Kviteseid. Teambuilding: Tokke kommune stilte mannsterke på Kanalrittet.