Talet på deltakarar i Byrterennet nesten dobla frå i fjor
Søndag 19. januar inviterte Byrte IL til det årlege skirennet i klassisk stil. Det er det fyrste skirennet av totalt sju renn i Vest-Telemark Skikarusell denne vinteren.
Det var knytt spenning til korleis fleire dagar med plussgrader i forkant, etterfulgt av minusgrader på sjølve renndagen, ville påverke løypeforholda. Litt isete blei det, men sol, klister og god stemning gjorde at det blei mange gode resultat denne dagen.
Byrte IL kan melde om at det var god deltaking. Nesten 70 utøvarar stod på startstreken. Dette er ei kraftig auke frå i fjor. Vinje IL stilte med den største gruppa på heile 24 stk. Det var og veldig moro at Hovden Skigymnas prioriterte Byrterennet og møtte opp med ni utøvarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter at alle hadde gått i mål, var det servering av kjøtsuppe, rundstykker, pylser, kaffe og kaker i grendehuset. Til slutt var det premieutdeling og i Vest-Telemark Skikarusell er det premiar til alle.
Byrte IL takkar alle som deltok, heia eller som gjorde ein kjempegod dugnadsinnsats.
Hans Utistog
på vegner av Byrte IL
Vest-Telemark skikarusell
19. januar, Byrte (klassisk)
6. februar, Fyresdal (friteknikk)
13. februar, Åmdal, (sprint friteknikk)
8. mars, Vinje/Dyre Vaa, «langløp» klassisk (Telemarkhelten)
12. mars, IL Rein (friteknikk)
20. mars, Seljord (friteknikk)
12. april, Høydalsmo (stafett)