Theodor (11) følgde bestekameraten opp på sigerspallen
Det er ikkje meir enn eitt år sidan Theodor Seltveit begynte med skiskyting. Sundag vart han nummer to i Kvalfoss-sprinten. Theodor syntest det var stort å få stå der saman med bestekameraten Vetle Smalås Bergheim.
Klasse- og klubbkameraten skal ha sin del av æra for at Theodor fatta interesse for skiskyting. Vetle ville ha han med på trening, og jamaldringen Theodor fann raskt ut at skiskyting var noko han kunne tenkje seg å bruke tid og energi på. Sidan har det blitt mange turar til Fyresdal, som har skiskyttarrekruttar frå fleire bygder.
Seltveit har på mange måtar hatt ei kometkarriere etter at han fekk interessa for den publikumsvenlege sporten. Elleveåringen både skyt godt og går fort på ski. Det er ein god kombinasjon for ein som vil hevde seg. Ni av ti skot sat der dei skulle på normalprogrammet. Vetle var den einaste som slo tida til debutanten i Kvalfoss-sprinten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hadde meir å gå på
– Eg fekk ned ein blink meir enn Vetle, men han gjekk fortare enn meg i sporet, sa Theodor, som har hatt ei fin utviklingskurve som skiskyttar denne vinteren. Det seier mykje om talentet hans at han vart nummer to i det første møtet med mange av dei beste i landet. Pappa Svein skryter av det flotte skiskyttarmiljøet i Fyresdal.
– Fyresdølane har ei stor og aktiv skiskyttargruppe. Vi køyrer som oftast dit eit par gonger i veka. Det var fleire frå vår skiskyttarkrins i Vetle og Theodor si klasse som hevda seg. Det synest me er artig, sa pappaen.
Han og Theodor var ein del av den store Fyresdal-troppen som reiste til Oslo. Med smått og stort talde den 27 personar, der ni av dei var i aksjon med startnummer.
Ein av dei beste klubbane
I Fyresdal har dei først og fremst fokus på meistring og utvikling. Dei har også nokre utøvarar som er blant dei beste i landet på sitt alderstrinn. Fyresdal var ein av klubbane som oppnådde dei beste resultata i Holmenkollen og riksanlegget. Det seier mykje om kor godt det blir jobba i bygda, som har vore leiande på skiskyttarfronten i Telemark sidan 1980-talet.
Theodor og andre unge, ivrige rekruttar skal bidra til at denne «arven» blir ført vidare. Det dukkar stadig opp nye rekruttar. Den årlege skiskyttarskulen pleier å vere populær og er den beste rekrutteringskjelda.
Kvalfoss-sprinten
Laurdag (sprint)
G12:
1. Vetle Smalås Bergheim, Fyresdal SSL
7. Theodor Seltveit, Fyresdal SSL
G13:
25. Mikkel Gasmann Nesland, Fyresdal SSL
G14:
11. Elias Bratsberg-Aamlid, Fyresdal SSL
30. Audun Lindskog, IL Dyre Vaa
41. Elian Moen Tovslid, Fyresdal SSL
G15:
44. Simen Vassbotn Apeland, IL Dyre Vaa
G16:
31. Kristian Broshaug Haakenstad, Fyresdal SSL
J12:
3. Tiril Ravnsbjerg Juvik Svendsen, Seljord IL
7. Maja Noraberg, Seljord IL
J13:
37: Anne Flatland Brekken, Seljord IL
J14:
5. Tuva Smalås Bergheim, Fyresdal SSL
33. Synne Tveiten Golid
J15:
25. Tora Moe, Fyresdal SSL
Sundag (normal)
G12:
1. Vetle Smalås Bergheim, Fyresdal SSL
2. Theodor Seltveit, Fyresdal SSL
G13:
24. Mikkel Gasmann Nesland, Fyresdal SSL
G14:
15. Audun Lindskog, IL Dyre Vaa
19. Elias Bratsberg-Aamlid, Fyresdal SSL
38. Elian Moen Tovslid, Fyresdal SSL
G15:
41. Simen Vassbotn Apeland, IL Dyre Vaa
G16:
38. Kristian Broshaug Haakenstad, Fyresdal SSL
J12:
3. Tiril Ravnsbjerg Juvik Svendsen, Seljord IL
6. Maja Noraberg, Seljord IL
J13:
36: Anne Flatland Brekken, Seljord IL
J14:
4. Tuva Smalås Bergheim, Fyresdal SSL
23. Synne Tveiten Golid
J15:
21. Tora Moe, Fyresdal SSL