God utvikling: Vetle Rype Paulsen har hatt ein strålande sesong, med medaljer i både NM og junior-VM. Det er likevel sigeren i IBU-cupen som heng høgast for 21-åringen med røter frå Morgedal.

Tippoldefaren hadde Sondre Norheim som husmann – i helga tok Vetle sin fyrste NM-medalje

Vetle Rype Paulsen er opphavleg frå Drammen, men har sterke band til Morgedal. Fredag avslutta han sesongen med NM-medalje.

Publisert Sist oppdatert

– Eg føler eg har hatt ei god utviklingskurve i år. Spesielt i sporet, eg har aldri gått så fort på ski som i vinter. På standplass har det vore litt meir opp og ned, men eg har hatt renn der alt har klaffa, fortel 21-åringen.

Rype Paulsen har markert seg både nasjonalt og internasjonalt i sesongen som nett er ferdig. Under junior-VM i den tidlegare OL-byen Salt Lake City, tok han sylv på 15-kilometeren. I helga vart det altså ny medalje, av same valør, under NM-sprinten i Vik. Trass desse meisterskapsmedaljane, er det eit anna renn som heng høgast.

– Eg fekk prøve meg i IBU-cupen, altså det nest høgaste seniornivået, under verdscupen, og eg vann det fyrste rennet eg gjekk. Det var ei heilt rå oppleving. Eg hadde ganske seint startnummer også, så eg kom nok som ein overrasking mot slutten, fortel Rype Paulsen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS