NYE UTFORDRINGAR: Tommy Lindskog har mange roller i skisporten. Den tidlegare utøvaren er både far, trenar, smørjar, sjåfør og eldsjel.

Tommy (41) er altmoglegmann i kulissane: Far, trenar, smørjar og sjåfør

Tommy Lindskog har via mykje av livet sitt til langrennssporten. Slik kan det òg bli i åra som kjem for 41-åringen frå Haukeli. Det seier mykje om engasjementet til Tommy at han kan vere meir enn eit døgn i bil for å smørje ski.

Publisert

Slik var det då IL Rein-eldsjela sette seg i bilen og køyrde til Molde for å vere ein del av smøreteamet til Hovden skigymnas under juniorane si norgescupopning i Molde. Det er langt frå Edland og Hovden til Molde, så langt at dei fleste kvir seg for å køyre distansen i bil – i alle fall på vintervegar. Men det var ikkje noko problem for Tommy, som er van med å reise langt til skirenn. Slik har det vore heilt sidan han byrja å interessere seg for skisporten.

– Eg forstod tidleg at det kom til å bli mange timar i bil då eg som ung gut byrja å gå krinsrenn, og etter kvart Hovudlandsrennet og andre større renn. Slik blir det når ein bur i Øvre Telemark. Men eg har vorte van med det og tenkjer som oftast ikkje over dei store avstandane, seier Tommy, som byrja på skigymnas i Meråker det året han fylte 16 år. Han var der i tre år før han flytta heim att til bygda. Sidan har han stort sett budd der.

Tre aktive gutar

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS