Torjus (12) staka seg til topps
Torjus Tveiten Golid frå Seljord gjekk inn til fyrsteplass i klassa for gutar 12 år under Helterennet på Rauland.
Det unge skiskyttartalentet frå Seljord viste at han også kan gå klassisk teknikk og gjekk hardt ut frå start, og vann med 50 sekund ned til andreplassen.
– Eg gjekk hardt på frå starten og det heldt heilt inn. Det var bra glid, men ikkje så bra feste. Det var tungt, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Årets løype for G12 var på rett over tre kilometer, og seljordingen gjekk på tida 11.41.
– Neste år skal eg gå Ungdomshelten, og det blir moro, held han fram.
Alt til helga tek han turen til Lillehammer for å gå Ungdomsbirken, som er på 1,5 mil.