Lokalpatriot: Åmdal IL-jakka er med når Håkon reiser rundt med britane. Her kjem han tett på James Clugnet etter endt økt.
Privat
Trass i at landet knapt har snø, trur Håkon dei kan hevde seg i sporet under OL
Håkon Lie frå Åmdals Verk har laga NRK-serie om det britiske langrennslandslaget.
I serien, «The Olympic Draum» fylgjer Lie (29) det vesle landslaget, beståande av Andrew Musgrave, Andrew Young og James Clugnet, samt lagets norske trenarar Hans Kristian Stadheim og raulendingen Jostein Vinjerui, i deira førebuingar inn mot OL-sesongen.
– Eg vart kjent med Musgrave då eg gjekk på skigymnaset i Hovden, og kjende også til både Vinjerui og Young. Då det i fjor vinter dukka opp eit innslag Vinjerui hadde filma under sendinga frå eit verdscup-renn i fjor, sendte eg straks melding til han: «De treng ein TV-serie», fortel Lie.
Vinjerui var samd i det, og gav tommel opp til satsinga. Med det byrja den lange prosessen med å ta ideen vidare til eit faktisk program. Lie, som er tilsett i NRK Vestfold og Telemark, spela inn konseptet under NRK Sør-Austs «Idefest 2021».
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP