Eivind Romberg Kvaale og Runar Skaug Mathisen. (Arkiv
Eivind Romberg Kvaale og Runar Skaug Mathisen. (Arkiv

Tre vesttelar saman på privatlag

Vest-Telemark-dialekten blir tydeleg i langrennslaget Team Synnfjell komande sesong.

Vinbyggjen Runar Skaug Mathisen (22) får nemleg raulendingen Jostein Vinjerui som ny trenar i privatlaget og Eivind Romberg Kvaale som ny lagkamerat.

Onsdag byrja teamet oppkøyringa til langrennssesongen med fellesøkt. 3000 meter springing stod på programmet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– 3000 meter var langt, seier Mathisen med eit smil.

– Eg er ingen utprega løpar, men det var artig å koma i gang att, legg han til.

22-åringen har hatt ein roleg periode etter sesongavslutninga, men byrja så smått å førebu seg mot komande sesong i starten av mai.

Jostein Vinjerui. (Arkiv
Jostein Vinjerui. (Arkiv

Mathisen var også ein del av Team Synnfjell i fjorårssesongen, og han set pris på å ha fått selskap av dei to vesttelane.

– Det æ gøtt å konne rø litt bygdemål att, seier Mathisen, og innrømmer at det ikkje alltid har vore lett å halde på dialekten utanfor kommunegrensene.

Han kjenner ikkje Vinjerui frå før, men har fått med seg at 35-åringen frå Rauland har eit godt rykte som trenar.

– Me hadde det fyrste møtet på tysdag og eg trur dette blir veldig bra, seier Mathisen, som ynskjer å etablere seg blant dei 30 beste i noregscupen til vinteren.

Jostein Vinjerui har dei siste tre åra vore trenar i Team Veidekke Nord Norge. Han har ambisjonar om at løparane skal kjempe om gode plasseringar i NM, Skandinavisk cup og noregscup, i tillegg til å kjempe om verdscup og U23-VM. På heimesida til Team Synnfjell trekkjer han fram godt lagarbeid, god treningskultur og solid organisering som stikkord for suksess.