Medan lagkameratane kjempar om opprykk til Tippeligaen, er Kristiansund-spelaren Marius Hagen fysisk trenar i Seljord IL.
Medan lagkameratane kjempar om opprykk til Tippeligaen, er Kristiansund-spelaren Marius Hagen fysisk trenar i Seljord IL.

Trenar for å førebyggje skadar

Idrettslaget i Seljord har lagt inn ei ekstra treningsøkt kvar fredag. Tanken er å førebyggje skadar og gje medlemmene eit tilbod på tvers av idrettar.

48 idrettslagsmedlemmer møtte opp på den fyrste samlinga førre fredag. Sist fredag var det endå fleire som ville vera med på det nye tilbodet som set fokus både på basistrening og skadeførebygging, og kondisjonstrening. Tanken om ei ekstra treningsøkt kom til etter møte i hovudstyret i idrettslaget.

– Dei fleste har to treningar i veka. Me ynskte å leggje til rette for endå ei økt og her jobbe med det fysiske grunnlaget. Her kan utøvarar frå alle undergruppene vera med, seier Øyvind Oland i Seljord IL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyller tomrom

Han tok kontakt med høgskulen i Bø om behovet for ein fysisk trenar. Arnstein Sunde på høgskulen anbefalte Marius Hagen. Hagen spelar til dagleg i Kristiansund som i desse dagar kjempar om opprykk til Tippeligaen, og tek bachelor i idrettsvitskap på høgskulen i Bø. Denne sesongen har han berre vore i aksjon sju gonger i Obos-ligaen. Ein lyskeskade har sett han ut av spel.

– Det er greitt å fylle eit tomrom når ein ikkje kan spela sjølv. Eg er glad for å kunne bidra i Seljord, seier Hagen om praksisen i Seljord IL.

Han har tidlegare spela for mellom anna Molde, Nest-Sotra, Notodden og svenske Husqvarna. Hagen rosar klubben sin for å vera flinke til å leggje til rette slik at han kan kombinere spel i Kristiansund med studiar i Bø. Kvar tredje veke pendlar han til Nordmøre.

Medlemmene i Seljord IL får nå tilbod om ei ekstra treningsøkt med fokus på å førebyggje skadar.
Medlemmene i Seljord IL får nå tilbod om ei ekstra treningsøkt med fokus på å førebyggje skadar.
Øyvind Oland og Seljord IL tilbyr medlemmene ei ekstra treningsøkt på tvers av undergruppene.
Øyvind Oland og Seljord IL tilbyr medlemmene ei ekstra treningsøkt på tvers av undergruppene.
27 6.- og 7. -klassingar møtte opp til fredagens økt.
27 6.- og 7. -klassingar møtte opp til fredagens økt.

Ingen øvre aldersgrense

Idrettslagsmedlemmene er delte inn etter alder. Fyrst er det eit tilbod for 11- til 14-åringane. Deretter for dei som er eldre. Øktene blei dela i to. Fyrst var det koordinasjon, styrke og generell basistrening innandørs, før det var kondisjonstrening ute.

– Me har ingen øvre aldersgrense. Her kan alle vera med, understrekar Oland.

Han er også skada for tida. Fotballspelaren slit med kneet.

– Førebygging av skadar er nok ikkje det som har mest fokus i små breiddeklubbar. Eg trur dette tilbodet kan vera svært nyttig, seier Oland.

Tilbodet varer i fyrste omgang til 13. desember.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er glade for å ha fått med oss Marius. Han er eit godt førebilete og har erfaring frå toppnivå, seier Oland.