Treungen J15: Bak frå venstre: Gunnhild Tveit, Tilje Trontveit Vik, Tone Haugsjå, Linnea Sanden, Leah Nordgaard-Tveit, Hannah Falck Urdalen, Mathea Holskar og Annlaug Berit Haugsrud. Framme frå venstre: Vilde Evja, Lilja Sanden, Amalie Rekvik, Isabel Isosa Nesblom, Amira Mohamad Kaskous, Mona Tveit og Eva Madelen Aarak-Saga.

Treungen-jentene har vore suverene denne sesongen. Nå reiser dei på Norway Cup

Med eigen song og musikkvideo og med sju av åtte moglege sigrar i serien, reiser Treungen J15 til Norway Cup med masse sjølvtillit.

Publisert

Jentene spelar fyrste kampen mot Ølen/Etne sundag føremiddag. Måndag og tysdag ventar høvesvis Alvdal IL og Bremnes IL for 15-åringane som har sikra opprykk frå 2. til 1. divisjon i vårsesongen i Telemark. Dei vann sju av åtte kampar – og tapa berre mot Storm i den siste kampen då dei alt hadde vunne serien.

– Me er ein veldig fin gjeng, som er mykje saman utanom fotballen også, så eg trur Norway Cup blir ei veldig fin oppleving, sa Gunhild Tveit til VTB tidlegare i sommar.

Jentelaget har også eigen song, skrive og framført av trenar Rune Sanden. Den kjem truleg til å runge høgt frå campen i Oslo til veka.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS