Ungdommane vil game saman. – Moro, meiner Torjus, Johannes og Abdulkarim
Rundt hundre ungdomar var innom ungdomsklubben på Dalen i løpet av fredag og laurdag. Laurdag var klubben rigga for gaming og e-sport.
– Det er veldig bra her, og me klarte å kome oss vidare i Fortnite-turneringa. Eg var sikker på at me skulle døy med ein gong, men så kom me oss vidare, fortel Torjus Østerhus Teigen.
Han og kameraten Johannes Haugholm spelar på lag, og er nå klare for finalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Og me skal vinne, seier Johannes.
Torjus frå Skafså og Johannes frå Austheii er begge tolv år, og to av rundt hundre ungdomar som i løpet av helga var på ungdomsklubben på Dalen. Gratis pizza, e-sport og sosial gaming er tydelegvis gode trekkplaster.
Ønsker at det skal vere relasjonsbyggande
Tor Øystein Gravdal er fagleiar for ungdomsklubben, og fortel at dei har fått 100 000 kroner i støtte frå Ungdom og fritid, landsforeininga for fritidsklubbar og ungdomshus.
Då vart det ikkje LAN-party som det brukar, men e-sport og sosial gaming. Dei har leigd inn Geeks e-sport som arrangør.
– Alt her er innleigd, og ungdommane treng ikkje ha med seg noko utstyr, fortel Gravdal.
Dei treng heller ikkje ha med seg pengar, for alt er gratis. Han fortel at i løpet av fredag og laurdag var rundt 100 ungdommar innom klubben. Fredag kom det også ungdommar frå andre stadar som Vrådal og Kviteseid. Gratis pizza var det til alle.
– Me har steikt 30 pizzaer i helga, og det har blitt ein god del brus. Det er takka vere pengestøtta at me kan gjere dette, seier Gravdal.
Ole-Hermann Larsen og Kasper Skogholt jobbar i Geeks e-sport og er også begge pedagogstudentar. Dei reiser rundt og har denne type arrangement på små og store stadar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har vore rundt omkring sør for Trondheim. Sidan 2019 har me hatt rundt 100 arrangement, og møtt over 4000 barn og unge, hovudsakleg mellom 5. til 10. klasse, fortel Larsen.
I tillegg til at ungdommane spelar, har dei eit foredrag der dei fortel om nettvett, haldningar, kosthald og ernæring.
– Konseptet er sosial gaming, og me ønsker at det skal vere relasjonsbyggande, seier Larsen.
– Er gaming sosialt?
– Ja, det er ganske sosialt for me møter nye folk, meiner Tarjei Ingebretsen Barsgård.
– Ja, og det er bra at me kan prøve det me vil, seier Magnus Heddeslid.
Ungdommane har sjølve kome med innspel og ønske om kva spel dei vil det skal vere turnering i. Og Geeks e-sport arrangerer turneringar og har premiane klare.
Larsen fortel at det er populære arrangement, og at dei jobbar aktivt for å rekruttere jenter. Der kan dei ha litt å gå på, for det er ikkje så lett å finne jenter bak skjermane på ungdomsklubben på Dalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gravdal fortel at mange jenter brukar klubben til vanleg, men at han skulle ønske dei også kom for å delta på sosial gaming.
Torjus og Johannes har godt med konkurranseinstinkt og er snart klare for Fortnite-finale.
– Har de øvd mykje?
– Ja, me må øve, og det gjer me, seier dei to.
– Det er litt få jenter her. Er gaming ei gutegreie?
– Ja, det er ei gutegreie, trur 14-åringen Abdulkarim Kalifha.