Vann jungelløp i Singapore
Anja Elise Lid, opphavleg frå Høydalsmo, blei best av 394 deltakarar i Singapore Night Trail som gjekk av stabelen tidleg i mai. Løpet er eit terrengløp med ulike distansar. Lid sprang 12 kilometer på tida 58,12, og ho var nesten eit minutt framfor nummer to. Løpet gjekk i jungelen.
Lid (30) har budd i Singapore sidan august i fjor, og ho har nytta tida til å studere kinesisk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ho og sambuaren skal vere der nede fram til august i år. Anja Elise har trena bra både på rulleski og på føtene, så ho er rimeleg godt trena, seier pappa Ottar Olav Lid til VTB.