Magnus Krog har halde seg frisk i oppkøyringa til sesongen. I morgon startar sesongen med NM, men hovudmålet er verdscupen samanlagt. (Arkiv
Magnus Krog har halde seg frisk i oppkøyringa til sesongen. I morgon startar sesongen med NM, men hovudmålet er verdscupen samanlagt. (Arkiv

Vil på pallen i samandraget

Magnus Krog ser på helgas noregsmeisterskap som ei god gjennomkøyring før det verkelege alvoret startar i Kuusamo siste helga i november.

28-åringen frå Høydalsmo saknar vinteren. Men sjølv om snøen og kulda let vente på seg både i Trondheim der han bur og i Oslo der han ladar opp til NM, kjenner han at sesongen er rett rundt hjørnet. Med isspor i Midtstua får kombinertløparane litt kjensla av vinter i tilløpet i NM-bakken. I morgon hoppar han for eit best mogleg utgangspunkt før langrennet på Beitostølen laurdag. For han veit at ein unggut på kombinertlandslaget vil ha eit ord med i laget når NM-medaljane blir delte ut.

– Jarl Riiber har vore eit nivå over oss andre i hoppbakken. Han hoppar knallgodt, seier Magnus Krog om 17-åringen som har nettopp Midtstua som sin heimebane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig greitt med nye impulsar. Det gjer oss alle saman meir skjerpa, forklarar han.

Fekk tilbake lysta i bakken

Krog har nytta dei siste dagane til å teste utstyr, slik at han slepp å tenke på det når verdscupen startar i Kuusamo siste helga i november. Han er usikker på hoppforma, men føler han er på rett veg.

– NM er fyrst og fremst ei viktig og god gjennomkøyring før verdscupen. Klarer eg å klatre opp på pallen vil det gje sjølvtillit før verdscupopninga, seier Krog.

Etter OL i Sotsji i 2014 var han sliten og utlada. Det gjorde at han i samråd med trenarane fjerna seg litt frå hoppfokuset før fjorårssesongen. Sjølv om resultata ikkje var som ynskt i 2014/2015 fekk han gradvis tilbake lysta i bakken. Denne har han behalde gjennom sommaren og i oppkøyringa til årets sesong.

– Eg trur det på lang sikt var lurt å gjera det eg gjorde i fjor. Sjølv om sesongen ikkje blei heilt som eg hadde tenkt, håpar eg å få att for dei prioriteringane eg gjorde. Eg har hoppa jamt og trena godt i sommar og haust, seier Krog.

Kaldt og ufyseleg

Han har unngått sjukdom og er trygg på at han er godt i rute før sesongen.

– Eg er trygg på at langrennsforma er god, seier han.

Det er ikkje nokon meisterskap denne sesongen. Krog likar spenninga knytt til å måtte toppe forma til ein 14-dagarsperiode på vinteren, men ser også fordelar med ein kort og intensiv sesong. Sesongen startar siste helga i november og blir avslutta siste helga i februar. Spesielt avslutninga blir hektisk med seks konkurransar på ti dagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet er å kjempe i toppen. Kjem eg på pallen samanlagt er eg veldig fornøgd. Då er det viktig å kome godt i gang og vera stabil, seier Krog.

Og då passar det godt at sesongopninga som vanleg er i Kuusamo i Finland.

– Det er ein av dei kulaste plassane. Kaldt og ufyseleg. Her må ein berre vera knalltøff og kline til. Det er brutalt både i bakken og i løypene, men eg gler meg, seier Magnus Krog om møtet med arenaen der han tok sin fyrste verdscupsiger for fire år sidan.