– Ville at kampen skulle vera real
Dommaren var på veg til å finne fram det raude kortet til ein Åfoss-spelar, men Torbjørn Sigstad (40) bad han la vera. Seljord-spissen ville avslutte 11 mot 11.
– Det er ikkje sikkert eg hadde gjort det då eg var 18.
Det seier Torbjørn Sigstad og smiler. Situasjonen han snakkar om er på stillinga 2-0 til Seljord. Øyvind Oland har akkurat blitt fråtatt ein opplagt skåringssjanse då han blei felt av gjestenes målvakt. Dommaren var på veg til å dra opp det raude kortet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg ynskte ein real kamp, forklarar Sigstad, og legg til at han ikkje angra sjølv om gjestene reduserte til 1-2 og skapte fleire farlege sjansar.
– Eg følte meg tidleg i kampen trygg på at Åfoss var eit lag me burde slå, seier han.
Martin Listaul gav heimelaget leiinga i Telemarkshallen i Bø då han ekspederte eit innlegg frå Øyvind Oland i mål. Sigstad dobla leiinga då han skåra på straffespark etter at Listaul blei felt. Åfoss reduserte før pause, men i andre omgang handla det meste om Seljord. Sigstad teikna seg nok ein gong på skåringslista før Andreas Figenschou fastsette sluttresultatet til 4-1. Dermed kunne Seljord juble for sesongens fyrste siger i det fjerde forsøket.
– Det var mykje positivt i kampen. Spelarane byrjar å finne plassane sine i laget, seier veteranen, som er smålåten på eigne vegne.
– Martin (Listaul), Bu Reh, Jaran (Person) og Erik (Osmancevic) er verdt å trekke fram, meiner Seljords toppskårar.
Han står registrert med fire mål på fire kampar (men meiner sjølv det berre er tre …).
– Skadefri og i form? undrar VTB.
– Skadefri er vel å ta hardt i. Eg blei skada på den fyrste treninga i vinter, og har nok med å mobilisere til kamp. Eg har ikkje fått vera med på så mange treningar eg skulle ynskt og får ikkje tid til å byggje opp forma – for den er langt unna, seier han, og legg til at både kne og anklar kranglar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva trur du om Seljord i år?
– Me har hatt mange skader og har variert frå kamp til kamp. Men når alle er skadefri og i form blir dette bra, svarar Sigstad.