Øyvind Kili hadde ikkje tenkt at «Prosjekt Vest-Telemark» kom til å vekse seg så stort som det har gjort.
Øyvind Kili hadde ikkje tenkt at «Prosjekt Vest-Telemark» kom til å vekse seg så stort som det har gjort.

Vurderer Carragher-akademi på Dalen

I desember kjem sjefen for Jamie Carragher-akademiet i Liverpool til Vest-Telemark for å sjå på moglegheitene for å opprette ei avdeling ved den vidaregåande skulen på Dalen.

Akademisjef og trenar for Everton G14, James Olsen, kjem til Vest-Telemark saman med dei to leiarane på Brunswick Youth Club i Liverpool og Glasgow. Besøket er todelt. Engelskmennene er så imponerte over ungdomane frå Vest-Telemark dei har hatt besøk av, at dei vil sjå nærare på samarbeidet «Prosjekt Vest-Telemark». Dessutan vil Carragher-akademiet sjå om det er mogleg å etablere ei avdeling i Vest-Telemark. Gjestene frå England vil besøke den vidaregåande skulen på Dalen som er skissert som base for ei avdeling og elles sjå på tilhøva på Dalen og i Vinje.

– Dette vil bli det einaste utanfor Storbritannia, seier Øyvind Kili i prosjekt Vest-Telemark om ei eventuell avdeling av akademiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når kan dette bli ein realitet?

– Det er ikkje mitt bord, men det bør vera mogleg alt frå hausten 2016. Dette er for bra til ikkje å gjennomføre, svarar Kili.

Gode ambassadørar

Ungdomssenteret Brunswick i Bootle er basen for akademiet til Liverpool-legenda Jamie Carragher. Han voks opp i bydelen, og har engasjert seg i lokalsamfunnet etter at han la fotballskoa på hylla etter 737 kampar med liverbirden på brystet.

Jentene frå «Prosjekt Vest-Telemark» møtte Liverpool-legenda Jamie Carragher på akademiet hans i haust.
Jentene frå «Prosjekt Vest-Telemark» møtte Liverpool-legenda Jamie Carragher på akademiet hans i haust.

«Prosjekt Vest-Telemark» har vore ein stor suksess etter at sju klubbar i fjor gjekk saman. Ei avdeling av Jamie Carragher-akademiet i Vest-Telemark vil ikkje bli ein del av «Prosjekt Vest-Telemark» som er for aldersgreuppa 8 til 16 år, men det vil kome som eit resultat av prosjektet. Akademi-avdelinga vil vera for vidaregåande-elevar (gutar og jenter mellom 16 og 19 år).

– Dette er stort. Ein kjempesjanse for Vest-Telemark. Ein gut på Dalen eller frå Rauland skal ha akkurat det same tilbodet og sjansane som ein frå Liverpool, seier Kili.

Grungedølen som tok initiativet til «Prosjekt Vest-Telemark», hadde ikkje i sin villaste fantasi sett for seg kor stort det heile ville bli. I haust har han hatt med seg totalt 45 jenter på to turar tur til Liverpool. I vår var han med unggutar i IL Rein på tur til fotballbyen. Og det var slik det heile så smått byrja. Dei kom i kontakt med Tage Herstad, Liverpool-supportaren som for 10 år sidan flytta frå Florø til Liverpool for å fylgje favorittlaget sitt tettast mogleg. Herstad har gode kontaktar og før Kili og dei unge Rein-spelarane visste ordet av det var dei inviterte både hit og dit. Jentene og gutane frå Vest-Telemark har gjort eit stort inntrykk i Liverpool.

– I Liverpool ser dei verkeleg verdien av prosjektet me held på med. Det er dei som spør oss! Dei ynskjer å sjå kva me gjer for å få det til. Når eg spør «kvifor?», svarar dei at dei er ute etter haldningane me har. Dei spør om me har handplukka ungane, og eg må svara som sant er: «Nei, det er slik ungane i Vest-Telemark er», seier Kili.

– Me går litt imot det alle dei andre gjer. Hos oss er alle like mykje verdt. Det er ikkje snakk om å handplukke nokon, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Song Nordstoga for Carragher

Kili er rask med å gje all ære til dei gode ambassadørane. Han er stolt av dei unge han og fleire foreldre har vore på tur med. Mellom anna trekkjer han fram Halloween-kvelden på ungdomssenteret. Der er det mange unge med ein vanskeleg bakgrunn. Halloween er kvelden dei ofte hamnar i kontakt med øvrigheita etter pøbelstrekar. Denne gongen var rekordmange på senteret som heller bruka tida til å snakke, spela fotball og vera i hoppeslott med jenter frå Rauland og Dalen, enn å måtte ta ein alvorsprat med politiet.

Mange har fått med seg at jentene på den fyrste turen song «Kveldssong for deg og meg» for mellom andre Jamie Carragher og senterleiar Keith Lloyd. Nordstoga-slagaren slo an, og nå håpar Kili at senterleiar Lloyd igjen skal få høyre songen framført av jentene når han kjem til Vest-Telemark 7. desember.

 

«Wow. Spennande»

Rektor Tove Palmork Haavelmoen ved Vest-Telemark vidaregåande skule reagerte med entusiasme då det kom førespurnad om eit møte med representantar for Jamie Carragher-akademiet i desember.

– Wow. Spennande, var vel den fyrste reaksjonen, seier rektoren.

Haavelmoen understrekar at ho veit lite om tankane utover ein førespurnad om møte.

– Eg kjenner ikkje til omfanget på planane, men eg gler meg til møtet og reiser dit med eit ope sinn, seier ho.

Karl Torstein Hetland frå Vest-Telemark ressurssenter blir med på møtet. Han var sentral i prosjektet «Junior Vest» for nokre år sidan. Både gutane og jentene hevda seg i toppen då fotball var ein del av skuletilbodet.

– Eg er positiv til alt som kan vera med å drive ungdomsmiljøet framover, og kan me vera med på å leggje til rette for at unge trivst endå betre, er ingenting betre enn det, seier Haavelmoen, som sjølv er svært fotballinteressert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har stått på sidelina i meir enn 20 år som ivrig fotballmor, seier bergensaren med eit smil.

Lokale trenarar hentar impulsar i Colchester

«Prosjekt Vest-Telemark» samarbeider med den engelske League One-klubben Colchester. Dei siste åra har trenarar frå akademiet vore til Åmot i pinsa og arrangert fotballskule, medan unge vesttelar har fått ein liten smak av akademifotball på besøk til klubben.

I går sette åtte trenarar frå Vest-Telemark seg på flyet til England. Resten av veka skal dei vera tett på akademiet til Colchester, ein klubb som er kjent for sitt gode ungdomsarbeid.

– Eg håpar det vil gje trenarane ein ekstra motivasjon. Det handlar ikkje om å finne opp krutet på nytt, men om dei små tinga. Eg trur dette kan vera det fyrste steget mot eit trenarforum i Vest-Telemark. Det er viktig at alle klubbane trenar på det same, seier Kili.

46 på sonesamling i Kviteseid

Telemark fotballkrins har dela regionen opp i ulike sonar. Vest-Telemark høyrer til Øvre-Telemark som har base på Notodden. Lange avstandar og trongt nålauge har gjort at dei sju klubbane i «Prosjekt Vest-Telemark» har gått saman om eigne sonetreningar i regionen. Sundag var 18 jenter og 28 gutar samla i Kviteseid.

– Dette er eit tilbod til alle som kan spela på 14-årslag. Det er ikkje prosjektet som plukkar ut spelrane. Klubbane får sjølve velje fem gutar og fem jenter. Her er 11-åringar og 14-åringar samla. Små og store saman, det er det som er spelarutvikling, meiner Øyvind Kili.

Det blir ei samling til før jol.

– Det er klubbane som eig prosjektet og dei som avgjer vegen vidare, seier Kili.