Bil har køyrd av vegen. – Uhell

Naudetatane har rykka ut til ei trafikkulykke på E134 i Høydalsmo.

Det melde politiet klokka 14.16 tysdag – ein halv time etter at ulykka skal ha skjedd. Ein bil har køyrd ut og hamna i grøfta. To personar var involverte. Dei framstår som uskadde, opplyser politiet.

Klokka 14.27 melder politiet at det framstår som eit «hendelig uhell» og at det ikkje blir oppretta sak. – Personane er uskadde.