Bil på taket etter utforkøyring

Naudetatane rykker ut til ei utforkøyring på Raulandsvegen. Det skal ikkje vere snakk om alvorleg personskade.

Bilen skal hamna på taket etter utforkøyringa, men føraren skal ikkje vera alvorleg skadd, «er ute av bilen, vaken og bevisst», melder politiet. Trafikken går langsamt forbi ulukkesstaden.

I ei seinare oppdatering opplyser politiet at sjåføren, ei kvinne i 70-åra, blir køyrd til sjukehuset «for vidare oppfylging». Politiet har ikkje mistanke om rus, og opprettar sak. Bilbergar er tilkalla.