Byrjar utbetringsarbeidet på E134 i dag
Statens vegvesen startar 2. mai med opprusting av E134, på andre sida av Haukelifjell, i Røldal.
— Vi byrjar ved Shell-stasjonen, og skal rusta opp fortau og delar av overvassystemet. Vi jobbar oss 1,5 kilometer austover i heile fortauslengda, seier prosjektleiar Einar Stange i Statens vegvesen.
Arbeidet skal etter planen vara ferdig i august, og blir avslutta med legging av ny asfalt på fortauet og i køyrebanen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jobben vil verta utført på dagtid måndag–torsdag, med 12 timars arbeidsdagar. Arbeida blir avslutta torsdag kveld av omsyn til den store helgetrafikken på denne vegstrekninga, opplyser vegvesenet..
Trafikken vert i hovudsak styrt med trafikklys, men det vil og vera nødvendig med manuell dirigering i periodar.
— Statens vegvesen oppmodar trafikantane om å hugsa på at arbeidsvarsling, trafikkdirigering og skilting er del av noko som er uendeleg mykje større enn ein sjølv og eins eige utolmod der og då, seier Stange.
Arbeidet tek fri på heilagdagane i mai, og har sommarferie tre veker frå midten av juli