Fire personar til sjukehus etter frontkollisjon – mistenker ruskøyring

Brannvesenet har frigjort ein person etter ei trafikkulukke på E134 ved Brunkeberg. Fire personar er køyrd på sjukehus, men alle «framstår oppegåande», melder politiet.

Publisert Sist oppdatert

– Per no ikkje oversikt over skadegrad, men alle personar framstår oppegåande, skriv politiet.

Dei fire som er køyrd til sjukehus satt alle i same bil. Føraren av den andre bilen, ein mann i 30-åra, blir køyrd til legevakt for sjekk og blodprøver. Politiet mistenker ruspåverking.

Politiet meldte om møteulukke mellom to personbilar kring halv fire sundag ettermiddag. E134 Brunkebergvegen var stengt etter ulukka, men er no open att.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS