Ny brygge: Onsdag var fyrste gong veteranbåten Fram la til ved Prestegardsbrygga på runden «Bryggemellom», frå Vrådal til Kyrkjebygda.
Torstein Nordal
Fram er tilbake: – Gratulerer med ny brygge!
Veteranbåten MS Fram vart helst velkomen til stor applaus på den restaurerte Prestegardsbrygga i Kyrkjebygda sentrum.
– Gratulerer med ny brygge! Veldig flott å komme hit å prøve det nye anlegget, som ein jomfrutur. Eg vil rose alle som har vore med å bygd den nye brygga, rosa skipper Reidar Skogheim til dei vel 30 frammøtte då Fram la til på den restaurerte Prestegardsbrygga i Kyrkjebygda sentrum onsdag kveld.
Smilet sat laust på brygga og i skipet denne vakre julikvelden, og veteranbåten vart helst velkomen til stor applaus. Skipper Skogheim inviterte alle frammøtte om bord for ein rundtur på fjorden.
Dette er fyrste gong veteranbåten Fram legg til ved Prestegardsbrygga på runden «Bryggemellom», frå Vrådal til Kyrkjebygda. Framnes Vel står bak prosjektet av restaureringa av brygga, med eiga arbeidsgruppe ved Abraham Grimstvedt, Jan Aarak og skipper Reidar Skogheim.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP