Seks personar involvert i front mot front-ulykke – éin person køyrd til legevakta

Front mot front-ulykke i Høydalsmo sentrum.

Oppdatert 18.55: To bilar involvert, og totalt seks personar. Av desse er ein person køyrd til legevakta av ambulanse for sjekk. Ingen alvorlege personskader, melder politiet.

Dei involverte partane vil bli avhøyrd og det blir oppretta sak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skadeomfanget er ukjent, melde politiet på Twitter klokka 17.32. Ulykka har skjedd i Høydalsmo sentrum.

Det snør tett og skal vere glatt på staden. Bilberging er på plass. Det skal ikkje vera trafikale problem som fylgje av ulykka.

Oppdragsleiar Fredrik Vilnes ved politiets operasjonssentral opplyser til avisa Varden at meldinga som kom inn verka meir alvorleg enn det ser ut som nå.