Bilete frå ei tidlegare brann- og beredskapsøving i tunnel i regi av Statens vegvesen.
Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Haukelitunnelen blir stengd for brann- og beredskapsøving
Frå klokka 14.00 måndag 3. juni til klokka 06.00 tysdag 4. juni vil E134 Haukelitunnelen vera stengd grunna ei brann- og beredskapsøving arrangert av Statens vegvesen. I denne perioden vil det vera kolonnekøyring via Dyrskar omkøyringsveg.
Praktisk tunnelforvaltar og brannvernleiar i Statens vegvesen, Ole Petter Fjermeros, fortel at øvinga vil bestå av fleire delar. Rundt klokka 15.00 vil det vera ein demonstrasjon av bruk av brannteppe, der ein bil vert sett i brann for å læra korleis sløkka denne effektivt.
Den ordinære beredskapsøvinga startar rundt klokka 17.00 med deltaking av alle naudetatane. Det vil bli øvd på ulike scenario som naudetatane sjølve ønskjer å trena på.
– Siste del av øvinga blir ei «varm» øving der me simulerer ein lastebilbrann inne i tunnelen. Dette gjer me for å læra korleis røyken breier seg med forskjellig bruk av viftene, forklarar Fjermeros i ei pressemelding.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP