Her gjekk det gale på glatta. Vegen er no open att.

Svartdalsvegen var stengd eit stykke nedanfor Nigard Lien på Svartdalsvegen tysdag, men er no open att.

Publisert Sist oppdatert

Det melde Seljord kommune tysdag føremiddag. Det blei fyrst signalisert at vegen ville vera stengt heile tysdag, men like etter klokka 15 kunne kommunen konstatere at han var open att.

Det var ein tømmerbil som sklei utfor vegen i dag tidleg. Bilen var på veg oppover med tom hengar. Han fekk problem i eit glatt parti og sklei tilbake og hamna utfor vegen. Ingen personar blei skadde.

– Det har gått bra alt i alt, seier Dale.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS