Kolonnetoalett stengt etter «innkøyringsproblem». Vurderer å ta i bruk venterom og toalettfasilitetar i tunnelen
Statens Vegvesen håpar å ha toalettet på kolonneoppstillingsplassen ved Haukeli skisenter ope att i løpet av dagen.
Toalettet har vore stengt. Statens vegvesen opplyser onsdag om at dei håpar å ha toalettet ope att i løpet av onsdagen.
– Byggjeleiar fortel at anlegget er heilt nytt og at det har vore nokre innkøyringsproblem. Dei jobbar med det og håpet er at det skal koma i orden i løpet av dagen, fortel Christin Hermann, pressevakt ved drift- og vedlikehaldsavdelinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vegvesenet vurderer no å ta i bruk venterom og toalettfasilitetar som ligg inne i tunnelen, som ei kortsiktig løysing.
– Der er det moglegheit for å få seg både kaffi og anna drikke, fortel Hermann.
– Bodskapen er altså at det blir jobba med å finne gode løysingar på kort sikt, inntil det permanentet tilbodet fungerer, held ho fram.