Fyresdal parkering: Det var fullt på parkeringa ved næringshagen, der ein kan gå inn i parken.
Eivind Hagen Kvalem
Parkering i Fyresdal: – Dette er eit prøveår, så får me sjå til hausten korleis det har gått
Talet på besøkande til Hamaren aktivitetspark i Fyresdal har vore langt høgare enn mange forventa. Dette har ført til omsetningsauke hos næringslivet, men færre ledige parkeringsplassar i bygda.
I utgangspunktet ynskte eit einstemmig kommunestyre i Fyresdal å regulere parkeringa gjennom å gebyrlegge ho, men protestar både på Facebook og blant næringsdrivande og innbyggarar, gjorde at kommunestyret såg på saka igjen. Og ved ny avstemming var det berre fire av medlemmene som stod fast på det opphavlege vedtaket. To frå Høgre og to frå Sp. Anders Bergsland (Sp) var ein av dei.
– Ein ting er reguleringa av trafikken, seier Sp-leiar Bergsland etter at kommunestyret endra vedtaket om å innføre avgiftsparkering. Han meiner at parkeringa, trass i nokre klager, går relativt greitt føre seg.
– Spørsmålet er kvar me skal hente pengar til utvikling og vedlikehald? Eg meiner at som politikarar har me ei plikt til å sjå det større bildet og av og til ta upopulære avgjerder når meiner det er rett, seier ordførarkandidat Bergsland, som også eig ein del utleigehytter sør for sentrum.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP