Rykker ut til trafikkulykke
Ambulanse og politi rykker ut til ei trafikkulykke i Høydalsmovegen i Tokke.
Det skal vere ein tyskregistrert bil som har køyrd ut. Det var tre personar som sat i bilen, ingen alvorlege personskadar. Det er 80-sone på staden. Bilen står fast.
Føraren av bilen hevdar at han blei pressa ut av vegen av ein svenskregistrert stasjonsvogn. Det er inga mistanke om ruskøyring. Bilbergar er bestilt. Bilen står ikkje trafikkfarleg til og trafikken går forbi som normalt.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP