Stenger vegen: Fylkesveg 450, Borsævegen, over Skafsåheia på fylkesgrensa mellom Vestfold og Telemark og Agder fylke vil bli stengt i periodar etter pinsehelga. (Foto frå 11. april)
Tone Tveit
Startar skredsikring og stenger vegen att
Rett etter pinsehelga startar Vestfold og Telemark fylkeskommune opp att arbeidet med skredsikring på Skafsåheia.
Fylkeskommunen melder i eit presseskriv at fylkesveg 450 over Skafsåheia kjem til å bli stengt når arbeidet med skredsikring tar til igjen 30. mai.
– Men vegen blir open i helgene, melder fylkeskommunen.
Dei skriv at arbeidet med å sikre vegen mot snøskred starta for fullt i fjor, men har hatt pause nå i vinterhalvåret. Det skal bli bygd to store vollar som sikring mot skreda.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP