Stort fleirtal i kommunestyret – det blir inga betalt parkering i år
Etter eit gruppemøte som gjekk 40 minuttar over tida, har Fyresdal-politikarane sagt endeleg nei til å innføre betalt parkering i kommunen i 2023 med 13 mot fire røyster.
– Ja, ordførar, kveldens høgdepunkt.
Slik innleidde skobrukssjef og sakshandsamar Aslak Momrak-Haugan då han før debatten orienterte om prosessen i saka.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Tida var ganske knapp, me hadde frist til opninga av Hamaren. Me gjekk i dialog med leverandørar, og landa på P-Norge, som me opplevde som særs løysingsorienterte, med erfaring frå både små og store stader. Me evaluerte grundig køyremønster, aktuelle stader og andre relevante faktorar i samråd med dei, fortalde Momrak-Haugan.
Då parkeringsordninga fyrst vart annonsert på kommunen si Facebookside tok det fyr i kommentarfeltet, og ordninga vart sett på vent fram til handsaming i kommunestyret.
– Det gjekk nok litt fort i svingane. Me var nok litt for raske på avtrekkaren, til dømes på pleie- og omsorgssenteret – der skal det vera gratis parkering, til bruk av dei tilsette og bebuarar, sa Momrak-Haugan.
Skogbrukssjefen var tydeleg på at det fyrst og fremst er handelsstanden i kommunen som skal tene pengar på Hamaren, og at det er dei som vil lide dersom det ikkje blir innført.
– Men, som parkeringsselskapet også er tydelege på, er ingenting hogd i stein det fyrste året, me skal prøve oss fram, sa Momrak-Haugan.
– Heilt spinnvilt
Rita Metveit (Ap) var den fyrste som tok til ordet. Ho viste til dei kraftige reaksjonane som kom inn i etterkant av Facebook-posten.
– Det blir veldig negativt for meg når me skal legge opp til betaling for barnearrangement som fotballkampar og symjestemne, det synest eg er utruleg dårleg, sa ho.
Metveit fremja forslag om å leggje ordninga på is ut inneverande år, og bruke den tida på å stake ut den beste kursen vidare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tor Bendik Midtgarden (H) bad om avklaringar på fleire detaljar kring prosessen. På spørsmål om kva kostnadene ville bli dersom ein enda opp med å ikkje innføre parkering i år, svara Momrak-Haugan at dei ikkje hadde ein konkret figur, og at parkeringsleverandøren ikkje var budd for ei ny runde i saka.
– Men så fort eg fekk greie på at saka skulle opp att politisk ringde eg til dei å bad dei stoppe alt av skilting og slikt, sa han.
Midtgarden undra også korleis og kvifor det vart bestemt at saka skulle opp att.
– På grunn av at ein meinte vedtektene som vart lagt fram gjekk utover fullmaktene, svara ordførar Erik Skjervagen (Ap), som mellom anna viste til at ordninga som vart presentert var ut året, medan det i opphavlege vedtaket sto fire månadar.
– Me oppfatta bestillinga som prinsipiell, og gjekk ut frå det då me utarbeidde vedtektene. Planen var å leggje desse fram som ei orienteringssak under dagens møte, supplerte kommunedirektør Ulf Pedersen.
Langt gruppemøte
Ordførar Skjervagen innvilga gruppemøte før voteringa. Det skulle ifylgje ordføraren vare i 15 minutt, men politikarane kom ikkje inn att i salen før ein snau time – 55 minuttar – seinare.
Metveit var fyrste talar etter gruppemøte. Ho kom med tilleggsframlegg om å setje opp skilt med QR-kode til friviljug Vippsbetaling. Ordførar Skjervagen meinte at dersom det ikkje blei vedteke ei regulering, ville det truleg ikkje kome noko skilt heller.
– Me har tidlegare bestemt at me vil ha regulering av parkeringa, av fleire omsyn, deriblant til handelsstanden. Men eg ser kor vinden bles, og eg synest det er trasig at det no ser ut til at me ikkje vil få nokon regulering eller skilt i det heile teke, og at me ikkje står for det me tidlegare har bestemt, sa Midtgarden, som også kytte av arbeidet administrasjonen har gjort.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ved votering vedtok politikarane, med 13 mot 4 røyster, framlegget frå Metveit om å ikkje innføre parkeringsavgift i år, men heller å bruke året til å vurdere vegen vidare.
– Då var den saka avgjort, konkluderte Skjervagen etter han hadde klubba vedtaket.